Susanne Søholt, Kristian Rose Tronstad og Guri Mette Vestby har på oppdrag frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) og Distriktssenteret forska på innvandrarar og sysselsetting i eit regionalt perspektiv. Dei har samanlikna tre bu- og arbeidsmarknadsregionar. Det er Ulstein, Lenvik og Notodden. Med Ulstein meiner dei Ulstein, Hareid, Herøy og Sande.

Det er store forskjellar mellom dei tre regionane. Ulstein skil seg ut på grunn ved at her er/har vore stor arbeidsinnvandring.

Over landsgjennomsnittet

I 2015 utgjorde innvandrarane 15,2 % av innbyggjarane i Ulstein kommune. I Hareid var talet 13,7 %. I Herøy var 10,8 % innvandrarar og i Sande 16,2 %. I Noreg var det 12,2 %.

Desse tala seier ikkje noko om kvifor dei har kome hit frå utlandet, eller kvar dei kjem ifrå. Det er arbeidsinnvandring, flyktningar og folk som er her av andre grunnar. Dei fleste kjem frå Polen og Litauen. Deretter Romania, Latvia og Sri Lanka. Ulstein har hatt ei stor folkevekst, 10 prosent siste ti åra. Men hadde det ikkje vore for innvandringa hadde kommunen hatt nedgang i folketalet.

Høg sysselsetjing

I Ulstein-regionen er delen sysselsette høgare mellom innvandrarane (74%), mot 71 % i resten av befolkninga. Dette forklarer rapporten med at ein stor del av innvandrarane har kome til Sunnmøre nettopp på grunn av at dei har fått jobb her (59%).

Veksten i verftsnæringa har vore mogleg mellom anna på grunn av arbeidsinnvandring. Arbeidsinnvandrarar har langt større sjanse for å kome i arbeid, då dei kan tilby «rett» kompetanse.

Ofte i manuelle yrke

I Ulstein-regionen er det tre gonger så stor sjanse for at ein innvandrar er handverkar samanlikna med norske sysselsette. Det er stort innslag av innvandrarar mellom reinhaldarar, hjelpearbeidarar og andre yrke utan utdanningskrav. I Ulstein-regionen jobbar mange innvandrarkvinner med bearbeiding av fisk, for mennene er det mest vanleg å vere knytt til verftsindustrien.

Overflatearbeidarar/lakkerarar og platearbeidarar er på topp tre-lista, der røyrleggjar er på topp. Høgkompetansebedrifter spør gjerne etter mangfald av idear for å tenkje nytt og innovativt. I kreative prosessar er det grunn til at tru at ei mangfaldig samansett gruppe, det vil seie folk med ulike erfaringar og talent kan bidra til innovasjon. Når arbeidsprosessen er mindre kreativ, er truleg verdien av mangfald mindre.

– Analysen me har gjort her tydar likevel på at mange innvandrarar jobbar i delar av arbeidsmarknaden der det er avgrensa rom for kreativitet og der dei møter få nordmenn, står det i rapporten.Få innvandrarar blir sjefar.

Overkvalifiserte

I rapporten kjem det også fram at mange innvandrarar er overkvalifiserte for jobbane dei gjer. Høgst er delen av overkvalifiserte mellom innvandrarkvinnene i Ulstein-regionen. 31 % av kvinnene med høg utdanning arbeider i yrke utan kvalifikasjonskrav.

Dette blir lagt fram på eit seminar i dag om innvandring og integrering. Seminaret er i Molde og er i regi av fylkeskommunen.