Nederlandske Hereema Fabrication Group er tildelt kontrakten for design, innkjøp og bygging av den ubemanna brønnhovudplattforma på Oseberg Vestflanken 2.

Statoil kunngjorde onsdag fire tildelingar på vegner av partnarskapa på Oseberg Vestflanken 2, Johan Sverdrup og Gina Krog, til ein samla verdi av 1,6 milliardar kroner.

Tre norske

Den største av dei, verdt 800 millionar kroner, gjekk til Hereema Fabrication Group (HFG), mens dei tre andre gjekk til selskap i Noreg: Technip Norge AS, Ocean Installer og Aibel.

Statoils mediekontakt for teknologi, prosjekt og boring Ola Anders Skauby vil ikkje kommentere om norske selskap la inn anbod på den største kontrakten:

– Som alltid når vi har anbodskonkurransar, ser vi på ei rad kriterium, både kommersielle og tekniske, og gjer ein totalvurdering på den bakgrunnen, slik også her, seier han til NTB.

Det nederlandske firmaet skal stå for design, innkjøp og bygging av ein ubemanna brønnhovudplattform, eit nytt konsept på norsk sokkel, men ei godt utprøvd løysing blant anna på dansk og nederlandsk sokkel. (©NPK)