Mattilsynet synest ikkje det er berre positivt at Ulstein kommune vil lage til turveg til Mosvatnet, og slik auke turaktiviteten i området. Ut ifrå drikkevassomsynet åleine er det prinsipielt lite ønskjeleg å leggje til rette for auka aktivitet i nedbørsfeltet. Det er eit generelt overordna prinsipp i drikkevassforvaltninga i Noreg at ei drikkevasskjelde skal vernast mot mogleg forureining. Auka turaktivitet aukar sjansen for at uønskte hendingar skal oppstå, som at hundar badar i drikkevasskjelda.

Likevel konkluderer Mattilsynet med at dei ikkje går imot prosjektet.

Det er så godt reinseanlegg på vatnet, både membranfilter og UV. Det veg opp for den auka turaktiviteten. Dessutan er ikkje den tenkte turvegen etablert nedstraums drikkevasskjelda Mosvatnet, og såleis utanfor nedbørsfeltet til dette vatnet.

Men Mattilsynet minner kommunen om at det må finnast skilt i området som opplyser publikum om at Mosvatnet er drikkevasskjelde, slik at turgåarar og andre kan ta naudsynt ansvar slik at dei i vanvare ikkje kjem i skade for å forureine drikkevatnet. Skiltet om forbod mot ureining må vere lett synleg.

Odd Kåre Wiik ved Teknisk etat påpeikar følgjande i ein e-post til lokalavisa at turvegen er planlagt nedstraums, på nedside av demninga, og dermed ikkje ikkje i nedslagsfeltet til drikkevasskjelde. Han gjer også merksam på at det allereie er godt skilta om at dette er ei drikkevasskjelde.