Carien Lærum har arbeidd femti prosent i politisk sekretariat og femti prosent i eit engasjement for rådmannen i Ulstein kommune. No sluttar ho, og kommunen har lyst ut ledig hundre prosent stilling. Personlleiar Kari Riise forklarer at vedkomande skal jobbe halve tida si i politisk sekretariat, og halve tida på servicetorget. Dei to avdelingane held til i første etasje på Ulstein rådhus og samarbeider godt, så det blir nok ikkje målt på timen.

Det har kome inn heile 30 søknader til denne stillinga.

- Er de overraska over den gode responsen?

- Nei, ikkje så veldig overraska. Det er fleire arbeidsledige, og fleire som står i fare for å miste jobben, då er det fleire som søkjer seg over til trygge arbeidsplassar. Dette er ei stilling der mange kan tenkje at dette er innanfor kvalifikasjonskrava, svarer Riise og legg til at dette er ei fast stilling.

Ulstein kommune har lyst ut fleire ledige jobbar, og det er mange som søkjer på jobbane. Det byrjar kome inn søknader også på jobben som leiar for inkludering og mangfald, arkivleiar og lærarstillinga. Og snart vil dei lyse ut jobben som rektor ved Ulstein ungdomsskule.

Etter vinterferien

Søkjarlista for jobben ved politisk sekretariat og servicetorget er no sendt til fagforeiningane. Dei har frist på å uttale seg innan fredag. Så håpar Riise at dei får gjennomført jobbintervjua innan utgangen av veke 9. Veke 8 er det vinterferie, og nokre kan ha reist på ferie.

På søkjarlista står det 28 kvinner og 3 menn.

- Det er ei god søkjarliste, kommenterer Riise.