I går, tysdag 9. februar, vart det gjennomført årsmøte i Ulstein Høgre. Ein god bolk medlemmar møtte opp for deltaking, men også for den gode politiske diskusjonen, samt gode kaker, skriv dei i ei pressemelding.

Stian Lehmann Scheide trakk seg som leiar etter 1 år på grunn av personlege prioriteringar. Knut Kleiven vart vald til ny leiar for lokallaget. Elles er styret stort sett uendra frå førre år, bortsett frå eit nytt styremedlem, Rune Leine Dimmen, som erstattar Kleiven sitt tidlegare verv.

Det gledar styret at friske krefter stiller seg til disposjon for styrearbeid - velkomen skal dei vere.

Scheide takka det gamle styret for godt samarbeid og ønskjer den nye leiaren og resten av styret lykke til med det politiske arbeidet.

Det nye styret er som følger:

Knut Kleiven, Leiar/Web-ansvarleg

Steven Pushparajah Karunasamy, Nestleiar/Medlemsansvarleg

Håvard Stave, Studieansvarleg/ kasserar

Anita Lillenes, Sekretær

Heidi Strand, styremedlem

Rune Leine Dimmen, styremedlem

Egil Ulfstein, styremedlem

Martine Jøssokbakke, styremedlem

Kari Warholm, styremedlem

Hans Petter Thoresen Ulstein,styremedlem

Else Marie Brandal varaemedlem

Gro Anita Engh, varaemedlem