Onsdag vitja bokbåten Epos Haddal og la til ved Ulstein Betongindustri. Men sjølv om bokbåten kom til bygda var det ikkje aktuelt for Haddal skule å ta turen.

- Den kjem på ei tid då det er umogeleg for småskulen å kome seg dit. Bokbåten låg i Haddal frå 12 til 13.30, men barna på småskulen sluttar 11.55, seier rekor Kjell Runde ved Haddal skule.

Ifølgje rektoren er det også svært upraktisk for mellomtrinnet ved skulen, der elevane sluttar 12.50 onsdagane.

- Mellomtrinnet kan ta turen ned, men då må ein gå etter ein halvtime for å kome tilbake til skulen slik at elevane når skyss. Då er det ikkje noko poeng for Haddal skule å ta turen til bokbåten, seier Runde.

Kan ikkje halde att elevane

Rektoren fortel at skulen tidlegare har fått kritikk for å ikkje ta del i tilbodet til bokbåten Epos, men Runde strekar under at dei gjerne skulle vore med på både underhaldning og utlån av bøker, men at dette ikkje let seg gjere på dei tidspunkta båten er i Haddal.

- Båten må kome på eit tidspunkt då elevane er på skulen. Vi kan ikkje halde dei att, seier Runde som oppmodar bokbåten om å legge besøka sine til Haddal til tidlegare tidspunkt, og helst andre dagar enn onsdag eller fredag.

Runde seier at det har blitt gitt attendemelding til bokbåten om at ein gjerne vil ha besøk tidlegare.

- Klokka 12 er for seint. Vi ønskjer at dei skal kome tidlegare på dag slik at også våre elevar får nytte tilbodet, seier Runde.

Onsdag har bokbåten Epos vore innom Vartdal og Haddal, før turen går vidare til Velsvik. Fredag skal bokbåten mellom anna innom Eiksund, og neste onsdag skal den til Hjørungavåg.

Bokbåten er ute på sin vintertur. Seinare denne månaden skal den mellom anna til Eiksund og Hjørungavåg.