– I omgrepet autoritativ leiing ligg det ikkje leiing på leiarnivå, men at alle som er i ein relasjon til, eller som har ei rolle opp i mot born eller unge i Hareid skal utøve den kvaliteten som det ligg i å vere ein autoritativ leiar. Det handlar om evna til å skape relasjonar og i ein relasjon er det alltid eit samspel mellom minst to. Samstundes skal ein utøve kontroll, forklarar Siv-Marit Røyset Kaldhol, rektor ved Hareid ungdomsskule.

Ho og mange andre frå Hareid, både innan oppvekstsektoren, barnevernet og helsetenester, samt politikarar og tilsette i administrasjonen, var samla til ein dag med fagleg påfyll i Ulsteinvik tysdag.

– Alle som veks opp i Hareid kommune skal møte den autoritative leiinga frå dei er 0 til dei er 16 år, og gjerne lenger. Ressurssenteret er representert her, og dei har vaksenopplæring. Så det gjeld eigentleg for alle aldersgrupper, seier Røyset Kaldhol.

Fin møtearena

Vivian Johansen er rektor ved Bigset skule, og følte ho lærte mykje av det dei fekk vite under kompetansehevingsdagen.

– Dette er ein fin tverrfagleg møtearena. Det har vore veldig kjekt, og lærarane har vore veldig positive til å møtast midt i skuleåret. Det gir dei både eit avbrekk frå den vanlege skuledagen og godt fagleg påfyll, seier Johansen og legg til:

– Det er dei same borna og ungdommane vi møter, innanfor alle dei ulike sektorane, før eller seinare. Det å kunne samhandle og skape ein felles plattform er viktig.

– Borna våre er det mest dyrebare vi har, og vi skal lage eit godt oppvekstmiljø rundt dei. Då er slike samlingar svært viktige, seier Oddbjørn Grimstad, fungerande kommunalleiar for oppvekst i Hareid.

Strategisk

Varaordførar Kristian Fuglseth var ein av dei politiske representantane under samlinga.

– Hareid kommune har vedteke at vi skal ha ein kvalitetsplan for oppvekst. Dette er eit ledd i den planen, der vi seier at alle tilsette skal vere med på kompetansehevinga. Det er veldig viktig at vi lyfter blikket, og ser overordna strategisk på kvalitet i skulen i Hareid.

Det var lagt opp til ein dag med godt fagleg påfyll, samt gruppearbeid der tilsette frå ulike sektorar i Hareid gjekk saman og samarbeidde. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.