Det har lukkast deltakarane på forhandlingsmøtet mellom Volda kommune og Ørsta kommune å kome fram til svar på heilt sentrale spørsmål kring ei eventuell samanslåing mellom dei. Namnet på ei samanslått kommune skal vere "Volda Ørsta", og kommunesenteret skal ligge i Ørsta. Det skriv Møre-Nytt.

Det var ifølgje lokalavisa Møre-Nytt steile frontar i starten, men når møtet først kom godt i gang, gjekk det i rasande fart. Etter at kommunene hadde heldt kvart sitt gruppemøte var Volda villige til å gå med på at Ørsta blir administrasjonsstad. Det dei to sidene no elles er samde om, riktig nok førebels, er at kommunen skal heite Volda Ørsta, at sentraladministrasjonen, med ordførar, rådmann og stab skal vere å finne i Ørsta, at administrasjonen for dei store tenesteområda (skule og helse og omsorg) skal vere i Volda, at det skal jobbast fram eit nytt kommunevåpen for den nye kommunen, og at andre funksjonar skal delast mellom rådhusa. Dette skriv Møre-Nytt.

– Dette er eit gjennombrot i forhandlingane, sa ein nøgd Volda-ordførar Jørgen Amdam etter møtet.

– I dag har vi kome langt, sa Karen Høydal, varaordførar i Ørsta, ifølgje Møre-Nytt.

Ektepakt før 2020

Volda kommune har stilt eit absolutt krav om at fordeling av verdiar, og at kommunen skal fungere som ein før 2020. Ein annan førebels plan er at det skal byggast eit kombinert høgskulebygg og kulturbygg i Volda og ein ny regional fleirbrukshall med symjebasseng i Ørsta.

No skal det ikkje seiast at alt er bestemt heilt enno, for det er planlagd tre nye forhandlingsmøter mellom kommunane for å kunne få i hamn ein endeleg intensjonsavtale. Denne avtalen skal så leggast fram for kommunestyra før folkerøystinga i mai.

Hornindal blir også inviterte med i prosessen, men ikkje før Ørsta og Volda er ferdige med sine forhandlingar.