Hareid kommune har som mål å kome seg ut av Robek-lista i løpet av 2016.

Robek, Register om betinga godkjenning og kontroll, er eit register over kommunar og fylkeskommunar som må ha godkjenning frå Kommunal- og regionaldepartementet for å kunne ta opp lån eller gå inn i langsiktige leigeavtalar. Hareid har vore i dette registeret sidan 2011.

Både Hareid kommune sjølve og Fylkesmannen i Møre og Romsdal er svært optimistiske til at Hareid kommune kjem seg ut av Robek-lista i løpet av dette året.

Rådmann Bent Arild Grytten i Hareid har tru at kommunen skal klare dei målsetningane som dei har sett seg føre.

- Reknar de med å kome ut av Robek-lista i løpet av 2016?

- Det er føresetnaden for arbeidsprogrammet. Men først må vi sjå kva resultatet blir. Vi har planlagt at vi skal komme oss ut frå Robek-lista no i år, og 2016 skal vere siste året vi er på den lista. Så langt er det ikkje noko som tyder på det motsette, men det er enno ei stund igjen, seier Grytten.

- Stramme budsjett gjer at vi ikkje har dei tryggingsmarginane i form av eit disposisjonsfond som ein elles ville ha, så det er klart at kommunen blir veldig sårbar. Ikkje minst med tanke på arbeidstakarane i kommunen. Dei er jo ein veldig viktig innsatsfaktor. Arbeidstakarane har støtta lojalt opp om å få Hareid kommune ut av Robek. Det har dei jobba for i fleire år, avsluttar Grytten.

Fylkesmannen er positiv

Fagkoordinator for kommuneøkonomi hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Martin Mortensen, forklarer kvifor Hareid kommune har hamna på Robek-lista.

- Hareid er hamna på Robek-lista av to årsaker. Den eine er at kommunen har vedteke å dekke eit underskot over fleire enn to år. Det vil seie at dei brukar tre år eller meir på å dekke dette underskotet. Den andre årsaka er at kommunen ikkje har klart å følgje sin eigen vedtekne plan for inndekning av underskot, opplyser Mortensen.

- Litt summert opp så er det kostnadskontroll. Dei vedtek eit budsjett i balanse, og så held einingane i kommunen seg til dei vedteke budsjettrammene.

- Har Fylkesmannen tru på at Hareid greier dette i 2016?

- Hareid har blitt stadig betre på dette dei siste åra, og vi både trur og forventar at dette vil halde fram i 2016 og i åra framover, avrundar Mortensen.