Dei syriske kameratane Fedi og Mohammed venta barn med konene sine Aida og Maram. Vanlegvis er det forbinde med lukke når unge par ventar barn, men dei to kameratane var samde om at Syria ikkje var nokon god stad å la borna sine vekse oss.

Mohammed arbeidde som engelsklærar på ein skule, og Fedi arbeidde på restaurant/hotell. – Når krigen braut ut vart skulen stengt. Me mista båe to jobbane våre, fortel Mohammed. Dei levde under trasige vilkår, hjelpeforsyningane nådde ikkje fram til det.

Dei hadde høyrt at Noreg var eit godt og demokratisk land med bra folk. Dei bestemte seg for å leggje ut på den farefulle flukta nordover med dei gravide konene sine, som båe var i femte månad, for å søkje tryggleik for familien sin.

Dei fortel at det var ei forferdeleg reise. Ho var full av farar og veldig hard. Dei flykta mellom anna i gummibåt over havet.

– Me kan ikkje uttrykkje kor fælt det var, men det var ingen veg utanom, forklarer Mohammed.

Den første tida budde dei på eit mottak i Råde, før dei vart sendt vidare til Melshorn Hotell på Hareid.

– Me er veldig glade for å få vere her, smiler Mohammed.

Kallar dottera Linda

Fedi og Aida har kalla dottera si Linda, etter Linda Haddal Røssevold som driv Melshorn Hotell. Dei har gjort det i takksemd for kor godt dei har det i Hareid og for måten ho tek seg av dei på.

– Korleis er det å få ei lita jenta oppattkalla etter seg?

– Eg synest det er ei stor ære at dei kallar henne Linda etter meg. Dei gjer det for måten dei blir teken imot på her, og for at eg bryr meg, svarer Linda Haddal Røssevold.

Maram og Mohammed spøkte også med å kalle dottera si Linda, men landa på Mirall.

Båe jentene er friske og velskapte. Dei kom til verda på Åse sjukehus.

– Kan sjå opp på himmelen

Medan dei ventar på svar frå dei norske styresmaktene om dei får bli i landet, prøver dei å lære seg norsk. Håpet er at dei får bli å la dei små jentene vekse opp i trygge omgjevnader.

– Her kan me sjå opp på himmelen, og me ser fuglar og skyer, ikkje bomber som i Syria, seier Mohammed.

Vesle Linda, kalla opp etter dagleg leiar for asylmottaket på Melshorn Hotell.