- Det er den viktigaste utdanninga for Høgskulen i Volda, og utan kan vi vere ferdige, seier Haug til Sunnmørsposten.

Dei tilsette ved høgskulen var onsdag samla til eit allmøte. Møtet og diskusjonen under møtet var prega av kva som vil skje framover, no som alliansen høgskulen føreslo ikkje blir noko av, grunna avslaget frå Kunnskapsdepartementet.

Ei av dei viktigaste sakene for Høgskulen i Volda og andre lærarhøgskular, er at grunnskuleutdanninga skal bli eit femårig masterstudium frå 2017.

Også fylket er no på bana for å diskutere utviklinga av høgskulane, skriv Sunnmørsposten.

Fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) fortel til smp.no at fylkeskommunen har vedteke eit høgskulefond på 10 millionar kroner. Dette fondet skal gå til å få fleire stipendiatstillingar og professorat ved høgskulane i Møre og Romsdal. Difor tek også fylkesvaraordføraren til orde for samarbeid mellom høgskulane.

- Eg har bede om å få opp ei sak i fylkesutvalet om korleis fylkeskommunen kan bidra i dette arbeidet, seier Gjerde til smp.no.