Stortingsrepresentantane Helge Orten og Elisabeth Røbekk Nørve, Hareid-ordførar Anders Riise, leiar i Hareid Høgre, Ottar Røyset og tidlegare Sula-ordførar Geir Ove Vegsund var alle til stades, saman med Torill Ytreberg frå NHO. Dette møtet kom i stand fordi regjeringspartiet Høgre ønskjer å danne seg inntrykk av korleis politikken dei fører saman med regjeringspartnar Framstegspartiet verkar ute blant bedriftene.

– Vi har behov for å få førstehandskunnskap til kva som skjer ute i bedriftene og korleis vi kan tilpasse politikken vår best mogleg for å imøtekome behova til næringslivet. Her ser vi verkeleg at det er aktivitet, sa Helge Orten til forsamlinga på eitt av dei flunkande nye møteromma i det nye prydbygget til Hareid Group.

– Det er ei viktig bedrift i kommunen vår, og det er flott å sjå kor den veks, sa ordførar Anders Riise om Hareid Group og det nye storbygget på totalt 7.000 kvadratmeter.

Heilelektrisk bygg

Det blei naturleg nok fokus på dei tøffe tidene, og korleis dei påverkar underleverandørane til verftsindustrien. Men dette blei også eit møte der Hareid Group fekk fortelje om spanande nye prosjekt, mellom anna det nye praktbygget til konsernet, som er spekka med ny og grøn teknologi.

– Vi har til no ikkje blitt så veldig råka av det som skjer, men ein veit aldri kva som skjer i framtida. Difor er det godt at vi no mellom anna har stort fokus på det grøne skiftet, som igjen kan føre til mange nye arbeidsplassar. Ta til dømes dette nye bygget vårt, som har mange nye løysingar vi har fått stor merksemd for, sa konsernsjef Ronald Dyrhol til dei frammøtte.

Etterlyser handlekraft

Politikarane ønskte også tilbakemeldingar frå Hareid Group på kva dei meiner regjeringa kan gjere for at næringa deira og verksemda deira skal kunne vekse. Konsernsjef Ronald Dyrhol trakk fram at det er for lite energimontørar i Norge, og etterlyser større gjennomføringskraft frå regjeringa.

– Vi er naturleg nok opptekne av at det blir sett handling bak ord når det gjeld elektrifisering langs kysten. Skal det bli elektriske ferjer må pengane på bordet. Vi kan raskt bli for seine, og utanlandske aktørar kan ende opp med å få slike oppdrag.

Heilt konkret ser Hareid Group at det grøne skiftet krev ein type fagkompetanse som diverre har blitt bygd ned i Norge gjennom mange år.

– Energimontør- og energiinstallatørkompetanse har diverre blitt bygd ned i utdanningssystemet. Skal vi til dømes elektrifisere skipsfarta, må vi over på eit høgare spenningsnivå enn vi har i dag. Det er ikkje så mange igjen her i landet som kan dette, seier Dyrhol.

Foreslår konverteringskurs

Dyrhol ønskjer at ein raskt skal kunne sjå på korleis ein kan konvertere den kompetansen ein allereie har i dag, ved å gjennom opplæringskontora få på plass eit opplegg som kan gi fleire formell kompetanse som energimontør- og energiinstallatør.

– Mange av dei som er elektrikarar og som no misser jobben eller blir permitterte, burde få eit konverteringskurs, kanskje på så kort som seks månadar. På denne måten kan ein få desse inn der det er stort behov for dei, for eksempel som høgspentinstallatørar.

Politikarane likte dei tilbakemeldingane dei fekk, og nemnde mellom anna BIO-midlar til slike omskuleringstiltak. Etter praten blei det synfaring i det nye praktbygget, og til slutt ein tur på taket der dei fekk sjå dei flotte solcellepanela.