Ulstein kommune har som mål å bli landets fremste kommune på teknologilæring i skule og samfunnsliv. Difor blir «Læringsarena Ulstein» utvikla, knytt til biblioteket i det som skal bli Arena Ulstein. Det i samarbeid med lokalt næringsliv, akademia og IKT-Norge. Næringslivet på si side meiner denne satsinga viser at Ulstein kommune er med på notane i dagens samfunnsutvikling.

– Kjennskap til teknologi er ikkje berre for spesielt interesserte lenger, det er basiskunnskap. Difor meiner eg Ulstein kommune no har valt heilt rett strategi, både for noverande og framtidige generasjonar, seier Leif Rune Solås, ingeniør i Rolls-Royce Marine i Ulsteinvik.

Han er ein av fleire frå næringslivet i kommunen som sit i ulike råd knytte til «Læringsarena Ulstein» og som fungerer som ein av rådgjevarane for Ulstein kommune kring denne satsinga. Han er også med og driv Kodeklubben, på privat initiativ. Solås meiner at vi som samfunn er godt inne i den digitale tidsalderen, og at det no må jobbast for å sikre at dei som veks opp i dag, men også dei som ønskjer å tileigne seg ny kunnskap, får høve til det.

– Dette er ei svært viktig satsing. Alt går i ei digital retning. Uansett kvar ein er i ei produksjonsbedrift, eller i eigentleg kva som helst slags bedrift, så går det mot meir og meir digitalisering. Det går mot større krav til bruk av IT-verktøy, større krav til forståing av programvare og bruken av den. Digital forståing er i ferd med å bli ein del av allmenndanninga. Det er ein naudsynt basis for å få eit interessant arbeidsliv i framtida, seier Leif Rune Solås og legg til:

– Læringsarena Ulstein er ikkje berre for skulane, det er også mange andre som vil kunne dra nytte av dette tilbodet.

Mangslungen gjeng

I styringsgruppa til Læringsarena Ulstein har rådmann Einar Vik Arset med seg Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group, Rune Garen, forskingsdirektør i Rolls-Royce Marine, Jogeir Romestrand, styregrossist, gründer og investor, og Magne Gurskevik, som er styreleiar i Mafoss. I prosjektgruppa finn ein kommunalsjef for oppvekst, Gry Nordal, kultursjef Leif Ringstad, sekretær/prosjektleiar Audun Hopland, kommunikasjonssjef i Ulstein Group, Lene Trude Solheim, Sigbjørn Nordstrand frå Kleven, viseadministrerande direktør i Island Offshore, Tommy Walaunet, prorektor ved Høgskulen i Volda, Jens Groven og Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye medium i IKT-Norge.

– Flytte grenser

Ulsmo sprøyter mest pengar inn i prosjektet frå privat side, og administrerande direktør Ingerid Ulstein er klar på kvifor selskapet er med på spleiselaget.

– Vi ønskjer å vere med på å flytte grenser for kva eit bibliotek skal vere. Vi vil bidra til å skape eit teknologisk læringssenter for alle samfunnsgrupper. Då må vi ta i bruk ny teknologi og vi må evne å ta til oss ny kunnskap. Vidare må vi vere nysgjerrige, ligge i forkant, slik at vi kan bidra til nyskaping på sikt. Vårt ønskemål er at biblioteket må utnytte nye visuelle og digitale verkemiddel, samtidig som ein må vidareføre det tradisjonelle med eit bibliotek, seier Ulstein.

Ulstein kommune har som mål å bli best i landet på teknologilæring, både i skulen og elles. Foto: Ole-Ottar Høgstavoll.