Sist sommar fekk Ulstein sjukeheim ein elektrisk rickshaw-sykkel som no vert nytta til å køyre dei som bur ved sjukeheimen rundt om kring i nærområdet. Sykkelen er kosta av Ulstein sanitet, men det er Gunfrid Dukefoss som har tatt initiativet til å skaffe køyredoningen.

– Dette var kjekt! Det er så mykje nytt å sjå nede i sentrum av Ulsteinvik, seier Kamilla Gjerde. Nittifireåringen er særleg begeistra for dei mange statuane som no prydar sentrumsområdet.

– Når du sit i ei slik sykkeldrosje så ser du betre ting rundt deg enn om du sit i ein bil, meiner Gjerde.

Gunfrid Dukefoss har eit sterkt ønske om at også dei som bur i omsorgsbustadane i Holsekerdalen skal få seg ein slik sykkel. Ho oppmodar difor både verksemder og private til å vere med på å gi pengar til dette prosjektet. Det kan dei gjere ved å nytte ein konto som Sørøyane Røde Kors har oppretta til dette formålet. Kontornummeret er 3910.51.57626.

– Vi manglar berre 30.000 kroner for å få bestilt denne. Håpet er difor at desse pengane kan kome på plass raskt slik at sykkelen kan takast i bruk allereie denne sommaren, seier Dukefoss.

Til den som ønskjer å vere sykkeldrosjesjåfør, og det vonar Gunfrid Dukefoss vert rett mange, kan ho opplyse om at det slett ikkje er vanskeleg å manøvrere sykkelen.

– Du får ei kort innføring i korleis du skal traktere køyretøyet. Ta kontakt med Toril Botnen på Dagsenteret ved sjukeheimen på vekedagane eller ring sjukeheimen direkte i helgane dersom du ønskjer å stille opp, seier Gunfrid Dukefoss som tipsar om at det kan vere lurt å ta kontakt dagen før slik at dei tilsette ved sjukeheimen kan planlegge kven som kan vere med på turen.