Stortinget sin Transport- og kommunikasjonskomité var tysdag innom Ulsteinvik på sin fylkestur i Møre og Romsdal. På Quality Hotel Ulstein fekk stortingsrepresentantane både god lunsj, og ei oppdatering på samferdselsprosjekta i fylket.

Helge Orten, stortingsrepresentant for Møre og Romsdal Høgre og medlem av den nemnde komiteen, fortel at politikarane også har lytta til innspel inn i mot Nasjonal Transportplan.

– Som komité er vi i kvart fylke ein gang i løpet av stortingsperioden. Elles reiser vi mykje på eiga hand. Men på arrangerte komitéreiser blir det ein gang per periode me er inne, seier Helge Orten og legg til:

– Vi får i løpet av denne fylkesturen informasjon om relevante prosjekt i heile fylket. Det er mykje fokus på ferjefri E39, der Hafast-prosjektet er eit av punkta, men samstundes har vi også hatt fokus på dei andre stamvegane, for eksempel riksveg 70 og E136. Også lufthamnene og Kystverket sitt arbeid og planar har vi blitt orienterte om. Ferjeproblematikken har vi også diskutert, mellom anna med tanke på fylkeskommunen som meiner Møre og Romsdal ikkje har blitt fullt ut kompensert for ferjekostnadane.

Jobbar for Hafast også

Det har også blitt litt prat om Hafast-prosjektet, som ikkje var med i Statens vegvesen sitt grunnlagsdokument til vidare politisk handsaming. Ei avgjerd som har opprørt mange. Orten var forsiktig med å seie for mykje om hans oppfatning, og korleis komiteen vektlegg Statens vegvesen si utelating av prosjektet.

– Det er no det politiske arbeidet byrjar. Det er slik eg ser det berre ein fordel at denne komitéreisa blei lagt til Møre og Romsdal no etter at Statens vegvesen kom med sitt grunnlagsdokument. Så får både eg og dei andre i komiteen få innspel både frå fylkeskommunen og andre kring kva for prosjekt det er viktigast å få med i Nasjonal Transportplan først. Eg opplever at vi har fått mange gode innspel, spesielt på ferjefri E39. Kor mange av prosjekta knytte til det vi kan få med i neste NTP er sjølvsagt avhengig av dei økonomiske rammene vi må halde oss til. Eg meiner at vi må stå samla for å få jobba inn nokre av E39-prosjekta frå Møre og Romsdal, for i utgangspunktet låg ingen av dei inne i Statens vegvesen sitt dokument, seier Orten og legg til:

– I utgangspunktet er Møreaksen det prosjektet som er komen lengst. Det er kjent teknologi, reguleringsplanen er bort i mot ferdig, så det ligg til rette for ein rask start. Eg håpar og trur vi kan få ein fornuftig oppstart på Møreaksen, men det må også vere ei målsetting å få jobba fram midlar til vidare arbeid med Hafast.

– Vi set heilt klart pris på om fylkeskommunane sjølve fortel oss kva dei meiner er viktigast å prioritere når det gjeld samferdselsprosjekt. Vi har fått mange gode innspel desse dagane, og dei kjem godt med når vi skal forme neste utgåve av Nasjonal Transportplan, fortel Orten.