Frå før er Berit Aasen tilsett som pleie- og omsorgssjef, medan Eivind Longva er ny oppvekstsjef. Begge herøyværingar.

Ragnhild Velsvik Berge kjem frå stillinga som pleie- og omsorgsleiar i Herøy og skal ta til som Hareid-rådmann etter Bent Arild Grytten 1. august.

Eigentleg volding

Då tilsettinga var eit faktum i kommunestyremøtet torsdag fekk den nye rådmannen høve til å fortelje litt om seg sjølv frå talarstolen.

Ho fortalde først at ho eigentleg er volding, noko Velsvik-namnet kan gi eit vink om. Ho er 55 år og fekk ha ein fin barndom med ei heimeverande mor. Faren var mykje ute og reiste som leiar av entreprenørfirmaet Brødrene Velsvik.

– Dei har faktisk bygt to kaier her i Hareid, kunne ho opplyse.

- Spanande brytningstid

Ho valde å utdanne seg til sjukepleiar, men etter berre eitt år vart ho rekruttert inn i ei leiarstilling – og sidan har ho vore på den sida. Men ho forstod fort at leiing var eit eige fag, så utetter har ho teke vidaregåande utdanning med jamne mellomrom. Ho har starta på ein master i samfunnsplanlegging og leiing, men utan å ha fått tid til å fulføre.

– Kvifor Hareid? spurde ho.

– Jau, eg las annonsa og ho traff meg momentant. Hareid er ein interessant kommune i ei spennande brytningstid, sa den nye rådmannen, som la vekt på å vere  løysingsorientert, heller enn problemorientert.

Les meir om nyerådmannen i Hareid i laurdagsavisa.