Warholm fortel ikkje historia fordi han vil ha merksemd, men fordi han vil fortelje kor viktig det er å ha eit pulverapparat liggande i bilen:

- Søndag klokka 09.45 kom eg køyrande gjekk Hareidsdalen i retning Ulsteinvik. Like ved Infra Handel såg eg at det kom flammar ut gjennom eksosanlegget på bil nummer to framfor meg. Flammane eskalerte kraftig, og på dette tidspunkt hadde også føraren av bilen oppdaga flammane. Han svinga derfor ut og parkerte ved lomma som fører opp til Saunesmarka, og dei som var i bilen kom seg ut i ei fart, fortel Warholm.

Rådville

Men dei i bilen vart ståande temmeleg rådville. Bakenden på bilen var no i full fyr, og dei hadde ingen ting å sløkke med.

- Eg såg med ein gong at dette kunne gå gale, og eg parkerte bilen min ca. 40 meter bak, og treiv brannsløkkingsapparatet som eg hadde liggande i bilen min. I løpet av nokre sekund var brannen sløkt, seier Ingar Warholm.

Han har i fleire år hatt liggande eit lite, 1 kilos pulverapparat i bilen sin. Det tek ikkje mykje plass, men er ei svært god forsikring viss uhellet skal vere ute.

- For nokre år sidan kom det krav om refleksvestar i bilane. Eg meiner det bør kome krav om pulverapparat også, seier Warholm. Han oppmodar alle billeigarar om å ha eit liggande i bilen.