Venninnene Amanda Osnes Låbakk (11) og Svale Flø (12) kontakta Vikebladet Vestposten i helga og fortalde om den vesle livlause fuglen dei hadde funne på plattingen ved Amanda sin heim på Flø.

- Den var ringmerka av Stavanger Museum. Vi ringde då til museumet og sa kva vi hadde funne. Mannen i telefonen spurde kvar vi hadde funne den, og kvar vi budde. Han skulle svare oss på mail, fortel jentene til lokalavisa.

Mannen jentene fekk tak i var Håvard Husebø, rådgjevar ved naturhistorisk avdeling ved Stavanger Museum. I svaret sitt til jentene kunne han fortelje jentene at dette var ein av dei mange tusen fuglane som årleg blir ringmerkte for forsking.

- Ringmerking er ein forskingsmetode for å følgje dei ulike individa. Når ein fugl så blir funne igjen, får den to datopunkt, som gir oss ein peikepinn på kvar den har vore hen, og korleis trekkmønsteret har vore. Vi nyttar slike data mellom anna for å finne ut meir om overleving i bestandane, seier Husebø til Vikebladet Vestposten.

Han kunne også opplyse om at denne fuglen var ringmerkt på Sula i oktober 2014, og det var snakk om ein hofugl. Den blei funnen att søndag, i Fløvegen 755, truleg etter å ha flydd i veggen

Kalla fuglen Tutankhamon

Jentene syns kjøttmeisa var så søt at dei valde å finne ein plass å begrave ho.

- Etterpå gravlagde vi den og kalla den Tutankhamon. Vi tenkte den skulle få ein fin plass å kvile for siste gong, seier jentene.

Rådgjevaren ved Stavanger Museum sette stor pris på at jentene meldte i frå om funnet, og at dei gav fuglen ein siste kvilestad.

- Dei gav fuglen eit verdig farvel. Det var veldig snilt gjort, seier Håvard Husebø.