Laurdag ettermiddag fekk Bjarne Røren i Røyra på Dimnøya sjå ein fugl han ikkje har sett på våre kantar tidlegare.

- 20-25 meter nedafor for huset vårt gjekk det ein stork og spankulerte medan han hakka og rota i jorda etter mat, fortel Røren.

Han skildra fuglen som kvit, med litt svart og grått på vengene. Nebbet var langt og gulaktig og Røren tippar fuglen var omtrent ein meter høg.

- Eg skulle til å ta bilete, men akkurat då fekk vi besøk av ein smårolling som vart så ivrig at fuglen vart skremd og stakk av, fortel Bjarne Røren.

I følgje folketrua, i alle fall før seksualundervisninga si tid, hadde storken ord på seg for å ha med seg nyfødde born i nebbet

- Trur du det vert auke i folketalet ute i Røyra no då, Bjarne?

- Hahaha! No lyt eg i alle fall fylgje med, skrattar Røren.

Trur på storken

- Det er all grunn til å tru på storken, stadfester ornitolog Alv Ottar Folkestad. Han har fått inn meldingar om at fuglen også er opservert i Torvika på Bølandet.

- Storken er ein såkalla termikk-flygar. Det vil seie at han nyttar seg av luftstraumar til å bevege seg i lufta, forklarer Folkestad som elles nemner at den europeiske storken overvintrar i Afrika.

- Fuglen nyttar temmeleg markerte trekkruter aust i Middelhavet, der ruta mellom anna går over Istanbil. Med det går også ei vestleg rute over Gibraltar, fortel Folkestad.

Storken som er observert på våre kantar har truleg hatt litt vel mykje medvind, for vanlegvis hekkar storken sør på kontinentet.

- Det er ikkje påvist at stork nokon gong har hekka her i landet. Denne fuglen har nok fylgt dei termiske straumane langs norskekysten, fortel Alv Ottar Folkestad.

Han kan elles fortelje at det har vore observert stork på Dimnøya ein gong tidlegare. I tillegg er fulgen sett på Bergsøya.

- Men det er ikkje ofte storken kjem på besøk. Kanskje eit par gongar kvart ti-år, opplyser ornitolog Folkestad.