Folkekyrkja skriv i ei pressemelding at det i fjor var 2,1 prosent færre som deltok i gudstenestene enn året før.

Tendensen er den same for dåp, konfirmasjon og kyrkjelege vigsler. Derimot går fleire på dei ymse kulturarrangementa i kyrkja.

Gudstenestebesøka har gått ned kvart år sidan 2005, bortsett frå i 2011. Samanlikna med 2005 representerer 2015-tala ein nedgang på nær 1 million deltakarar.

Også talet på døypte gjekk ned i fjor, med 2,7 prosent. Dei ti siste åra har talet på dåpshandlingar minka med 21 prosent.

I fjor vart berre 58 prosent av dei fødde i Norge døypte. I 2005 var denne prosenten 76.

Talet på kyrkjekonfirmerte er også på retur. For 10 år sidan let 44.000 seg konfirmere. I fjor berre 39.500. På ti år har konfirmantane gått ned frå 66 til 62 prosent av årskullet.

Talet på kyrkjelege vigsler av par har gått ned frå 35 prosent til 34,5 prosent av alle som inngjekk ekteskap i fjor.

Derimot har altså kyrkja hatt ein auke på cirka 5 prosent på konsertar, musikkandaktar og andre kulturarrangement det siste året.