Opphogging av gamle skip, såkalla "beaching", slik det går føre seg på strendene i Asia, er farleg for menneske og miljø. Yrket blir omtala som verdas farlegaste, skriv KLP i ei pressemelding.

Dei har engasjert International Law and Policy Institute (ILPI) til å utarbeide ein rapport om praksis rundt skraping av skip i Bangladesh, India og Pakistan med omsyn til risikoen for menneskerettar og miljø.

Temaet vart særleg aktuelt i fjor då det norske Rederiforbundet vart verdas føste til å åtvare medlemene sine mot "beaching" av skip, det vil seie opphogging på strendene utan faste arrangement for oppsamling og handtering av farleg og forureinande avfall, slik det stort sett blir praktisert i Bangladesh, India og Pakistan.

Hovudkonklusjonen i rapporten til ILPI er at opphogging slik det går føre seg på strendene i Asia er farleg for menneske og miljø.

Sikre fakta og dei alvorlege konsekvensane både for miljøet og menneskerettane er vanskeleg å oppdrive. Det er vedtatt nytt internasjonalt regelverk, men har førebels ikkje tredd i kraft. Både investor og sivilsamfunnet har byrja å stille krav til reiarane basert på eit samfunnsperspektiv.

– Ansvaret til skipsindustrien sluttar ikkje i det skipa blir lagt igjen på ei strand i India, Pakistan eller Bangladesh, sjølv om skipa kan skifte eigar fleire gonger før det ender opp på eit opphoggingsverft, seier Jeanett Bergan, leiar for ansvarlege investeringar i KLP Kapitalforvaltning.

Verdas farlegaste yrke

ILPIs rapport "Shipbreaking practices in Bangladesh, India and Pakistan. An investor perspective on the human rights and environmental impacts of beaching", understreker alvoret i situasjonen. Majoriteten av alle skip som blir skrota blir plukka frå kvarandre på heilt usikra vis, av arbeidarar utan verneutstyr, på strender der alle miljøgifter renn rett ned i sanda og blir vaska ut i havet.

– Eit stort antall menneske blir skadde og mistar livet kvart år i det som blir kalt verdas farlegaste yrke. Asbest og andre miljøgifter sleppest ofte rett ut i tidevatnet. Med ein ny skipsfartskrise på gang er det truleg at endå fleire skip blir sendt til opphogging. Med det vil også denne industriens miljø- og menneskerettsproblem auke, seier senior legal advisor Aase Gundersen i ILPI.