Måndag kveld 23. mai starta sommarens asfaltering av fylkesvegen mellom Hareid og Ulsteinvik.

14 kilometer skal få nytt asfaltdekke i løpet av 2-3 veker.

Trafikantane må rekne med at den mykje brukte trafikkåra ikkje blir så lettframkomeleg dei neste vekene. Der maskinene jobbar for fullt vil det bli dirigering av trafikken, ettersom ein ikkje kan bruke meir enn ei vegbane.

Kanskje lurt å vere litt tidlegare ute enn vanleg?