Politiet på Sunnmøre har tysdag gått ut med ei etterlysning av ein sølvgrå Audi A4. Bilen skal vere ein 99-modell med registreringsnummer CE 92044, og vart etter politiet sine opplysningar fjerna frå Ulsteinvik i løpet av helga.

Politiet oppmodar personar som kan ha observert bilen om å ta kontakt på telefon 02800.