Klokka 18.46 melder politiet i Møre og Romsdal på twitter at det har skjedd ei arbeidsulykke med personskade på Dimna. Mannen har skada seg i låret med ein vinkelslipar og er henta med ambulanse. Politiet er på veg.

Arbeidstilsynet er også varsla.

Politiet har førebels ikkje sagt noko om kvar på Dimna arbeidsulykka har skjedd.