Politiet i Møre og Romsdal har sendt ut ei twittermelding om at ein "romleir" er under etablering i Hareidsmyrane.  Politiet har i ettermiddag vore på staden, men då var der ingen personar til stades.

Politiet melder også at tiltak blir vurdert.

Det har i nokre dagar blitt observert at folk at utanlandsk hærkomst har frekventert i området.

Tysdag ettermiddag gjekk ein utanlandsk tiggar rundt i ferjekøa på Hareid med ein pappkopp og bad om pengar. Men om han har tilhald i "romleiren" på Hareid veit vi ikkje.

Oppdatering: Politiet på Sunnmøre skriv torsdag på Twitter at personane som er observerte i Hareidsmyrane har fått pålegg om å rydde området etter seg, og at det er viste bort frå staden.