Politiet er kopla inn etter at elevar ved Ulstein ungdomsskule har blitt uthengt på appen Jodel. No ønskjer leiinga, lærarane og fleire av elevane at Jodel stengjer appen i kommunen.

Nok ein gong har det kome fram at appen Jodel har blitt brukt til å henge ut ungdommar i Ulsteinvik. Tysdag kveld fekk ein av lærarane ved Ulstein ungdomsskule ei tekstmelding frå ein annan lærar ved skulen, som fortalde at vedkomande måtte laste ned appen og sjekke kva som stod der. Meldingane og kommentarane kring to namngitte elevar ved skulen, og spesielt den eine av dei, var av ein så grov karakter at politiet no er kopla inn i saka.

– Fleire lærarar lasta ned appen og følgde med på spesielt ein tråd der karakteristikkane og uthenginga av elevane berre blei verre og verre. Vi tok skjermdumpar av dei grovaste meldingane, slik at vi kunne vise rektor dette i dag, og eventuelt gi vidare til politiet om dei trengde bevis, seier ein av kontaktlærarane for den klassen der den hardast råka eleven går.

– Vi veit at det har føregått mobbing av elevar ved skulen via denne appen før, men det som er så spesielt denne gongen er at personane det går utover er nemnde med namn, seier ein annan av lærarane.

– Mobbe-app

Rektor Jostein Vartdal og fleire av lærarane ved ungdomsskulen har no altså valt å gå ut i Vikebladet Vestposten for å fortelje om hendinga og om ukulturen som har breidd om seg etter at Jodel blei ein ny sosial plattform blant Ulstein-ungdommen. I desember i fjor fortalde Ingrid Blindheim, elev ved Ulstein vidaregåande skule, om nettmobbinga som gjekk føre seg på Jodel. Appen blei som følgje av dette og påtrykk frå fleire stengd i Ulstein for ein periode. No har den vore open igjen ei stund, og på ny ser ein at personar får unngjelde og blir hengt ut.

– Her ser vi nok ein gong at denne appen ikkje blir nytta til det som var utgangspunktet, men til mobbing og sjikane. Det har blitt meir ein mobbe-app enn noko anna, seier rektor Vartdal oppgitt.

– Jodel klarer rett og slett ikkje å handtere all dritslenginga som går føre seg på appen, så det beste hadde vore om dei stengde den for Ulstein igjen. Det same seier dei elevane vi har snakka med. Alle ønskjer at den blir stengd, fortel lærarane til avisa.

Ein av lærarane fortel at fleire har vore i kontakt med Jodel, men at ingenting har skjedd enno.

– Vi håper dei tek grep snart, for slik som dette kan vi ikkje ha det.

Ikkje vanskelege å finne

Politioverbetjent Pål Inge Olsen ved førebyggande avsnitt i Sunnmøre politidistrikt fortel at han har fått kjennskap til denne saka, men at ho dessverre er ei av mange.

– Dette er ei av mange, mange episodar. Eg har ein gong sagt at den beste måten å unngå å bli uthengt på slike arenaer er å ikkje vere der. Men ungdomen har heilt forståeleg lyst til å vere der det skjer, og då er det ein fare for at slikt som dette skjer. Det skal ikkje skje, men det skjer, seier Olsen.

Hendinga har blitt meld til politiet, men politioverbetjenten kan ikkje gi nokon garanti om at alle sakene blir løyste.

– Vi har diskutert dette opp og fram, og der det er snakk om alvorlege trugslar, kan vi via Kripos få henta ut opplysningar frå Jodel med ein gong. Når det gjeld andre ting, er det truleg ein lengre veg å gå. Vi må då via ein jurist, som eventuelt må sende eit utleveringspålegg for info, seier Olsen.

Men éin ting er politioverbetjenten heilt klar på.

– Alt er sporbart i dag, og dei som gjer slikt er ikkje vanskelege å finne. Dei som ikkje trur det er mogleg å spore dei som kjem med desse ytringane tek skammeleg feil. Det som likevel gjer dette arbeidet litt vanskeleg er talet på liknande saker, og kapasiteten til å ta tak i det. Men, vi tek alle saker på alvor, og gjer det beste vi kan for å få bukt med dette, seier Olsen.