Andreas Stamnes frå Hjørungavåg jobbar til dagleg som teamleiar ved Polygon si avdeling i Ørsta, og kunne stolt ta i mot den gjeve prisen for god integritet, då storkonsernet med 2.900 tilsette heldt leiarmøte i Düsseldorf nyleg. Han er den første i Norge som har fått denne prisen.

I juryen si grunngjeving stod det mellom anna å lese:

- Andreas leverer alltid i høve lovnadane sine. Han tek stort ansvar for teamet sitt og for sitt depot, og leverer dei beste resultata i Norge. (...) Andreas har utvikla Ørsta-kontoret frå eit enkeltmannsføretak til eit profitabelt seksmannsføretak med potensiale for vidare vekst i 2016 og i åra som kjem.

Andreas sjølv var særs nøgd med den gjeve prisen.

- Det er ei stor ære for meg. Det er også ganske surrealistisk at eg er den første som får prisen i Norge. Denne prisen seier noko om leiarstil og personlegdom, meir enn kva resultat ein har levert. Men det er klart, med eit godt arbeidsmiljø får ein ofte også eit godt resultat, seier Andreas Stamnes til Vikebladet Vestposten.

Polygon-konsernet er i dag den globale leiaren innanfor skadeavgrensing, og er representert i 13 land på 3 kontinent.