Einar Magne Flø, som stod bak  utforminga av monumentet til 1000-årsmarkeringa av «Slaget i Hjørungavåg» i 1986, har fått ferten i at det eksisterer «reproduksjonar» av nasjonalmonumentet.

Han oppdaga det seinast då lokalavisa hadde eit intervju med ordførar Anders Riise. Bildet, som følgde intervjuet, viste at der stod ein reproduksjon av nasjonalmonumentet på bordet framfor ordføraren.

Ber om forklaring

Flø skriv at han både skriftleg og muntleg gjorde tidlegare ordførar Hans Gisle Holstad merksam på at det berre er kunstnaren sjølv som har retten til mangfaldiggjering av eit kunstverk i form av reproduksjonar eller til bruk i kommersielle  samanhengar som reklame, postkort m.m.

Flø meiner såleis at rettane er klart fastlagde i lovs form og at kommunen tidlegare har vorte informert om dette.

No ber han derfor om ei forklaring på kvifor det – trass i denne informasjonen – eksisterer kopiar av monumentet, noko han ikkje har gitt samtykke til. Han vil også vite omfanget av kopieringa og kven som står bak.