Teknisk Ukeblad kunne i førre veke, etter ein dokumentarfilm av mediehuset Vice, fortelje at ein arbeidar ved Crist-verftet i Polen brann i hel under sveising av skroget på det norske skipet Polar Empress.

Teknisk Ukeblad:

Dokumentaren hevar at arbeidaren var nordkoreansk tvangsarbeidar som jobba under slaveliknande forhold. Liket skal ha blitt sendt tilbake til Nord-Korea saman med 637 euro i kompensasjon til familien.

Kleven var oppdragsgivaren til Crist, og då Teknisk Ukeblad i førre laurdag tok kontakt med Kleven, viste det seg at dei ikkje var kjende med dokumentaren og eventuell bruk av nordkoreanske arbeidarar.

- Heilt uakseptabelt

Kleven har i etterkant hatt møte på leiarnivå med Crist-verftet.

Konsernsjef Ståle Rasmussen skriv i ein e-post til Teknisk Ukeblad at dei vart gjort merksame på bruken av nordkoreanske underleverandørar ved Crist førre helg, og at dei no har hatt møte med leiinga i Crist.

- Der formidla vi vårt klare standpunkt om at dette er heilt uakseptabelt, og at vi forventar at det opphøyrer umiddelbart. Vi kjem til å følgje opp saka tett.

Fleire kommentarar vil Rasmussen ikkje gi.

Det var under sveising på skroget til Polar Empress ei nordkoreansk tvangsarbeidar brann i hel.