Hareid kammerkor var nyleg på tur til Polen. I kveld fredag framfører dei programmet derifrå i Hareid kyrkje.

Koret blei etablert for nesten 40 år sidan som eit ungdomskor, dirigert av den entusiastiske, unge læraren Folke Grimstad, som vende tilbake til heimstaden Hareid, etter å ha avslutta lærar- og musikkstudiar i Bergen.

Dessverre døydde han 9 år seinare, men han hadde tendt ein «eld» i songarane. Koret måtte fortsette!

Hareid kammerkor syng alle typar musikk, frå Beatles til Bach, men kyrkjemusikken ligg hjarta nærast. Koret har framført mange av dei store korverka – som for eksempel Händels «Messias», Bachs «Juleoratoriet» og «St. Johannespasjonen», Mozarts «Requiem», Shuberts «Messe i G-dur» etc.

I pinsa 2012 song koret i Nidarosdomen. I pinsa to seinare song koret under ei pinsemesse i Peterskyrkja i  Vatikanet.

Nyleg var koret på besøk i Polen – ei veke før pinse. Der besøkte dei Gdansk, Sopot og Gdynia. Det er altså programmet frå denne turen dei vil framføre i Hareid kyrkje i kveld.

Dirigent er  Stig Lennert Håheim.