Under kommunestyremøtet i Ulstein onsdag kunne kommunestyret vedta eit solid resultat i kommunerekneskapen for 2015, som viser at kommunen hadde eit positivt netto driftsresultat på 15,84 millionar kroner. Det er 10,156 millionar kroner betre enn budsjettert. Netto driftsresultat utgjer 2,7 prosent av driftsinntektene. Skatteinntekta for 2015 vart vel 28 millionar kroner høgre enn budsjettert.

– Svartmålarar

Det gode resultatet fekk Arbeidarpartiet-politikar Ivar Mork til å rasle med sabelen, eller rettare sagt med tastaturet. I eit innlegg like før kommunerekneskapen blei vedteke retta han kraftig skyts mot partia som no leiar kommunen, men som var opposisjonen før valet i fjor haust.

– Frå denne talarstolen vart det spesielt i 2014 og 2015 måla så svart at eg kunne sjå suppekøane stå frå rådhuset og inn gjennom gatene og heilt inn på Sauneset, av folk som måtte prøve å halde svolten frå døra, sa Ivar Mork litt ut i talen sin, før han også sa:

– Kven er det som har møtt seg sjølv i døra med eit brak, i desse forhandlingane? Jo, det er målarmeistrane med berre svartmåling i spannet sitt. (...) Eg har ikkje vore fluge på veggen i forhandlingane, men eg har forstått at gjeldskortet har vore trekt kvar gong Ulstein-forhandlarane ville hatt noko med fordelane med Ulstein. Eg seier ikkje at forhandlarane har gjort ein dårleg jobb. Dei har gjort ein god jobb. Men viss eg får låne eit bilete frå min politiske kollega Ottar Kaldhol, så er det slik: «Det kan ikkje har vore lett å forhandle giftarmålet for ei brud som i årevis har vore erklært å ha alle moglege kjønnssjukdomar».

Mork avslutta innlegget sitt med å seie at svartmålarane, opposisjonen, strauk i sveineprøva i faget sitt.

Fleire reagerte

Innlegget fekk fleire av politikarane i salen til å reagere, og til å seie ifrå, inkludert ordførar Knut Erik Engh.

– Innlegget blei drege litt langt, i forhold til sine konklusjonar. Resultatet syner at vi har betre skatteinngang og eit betre pensjonsoppgjer enn forventa. Den underliggande drifta viser derimot at vi har eit avvik.