Båtmotorar til ein verdi av fleire millionar kroner vert kvart år stolne og frakta ut av landet. Dei fleste forsvinn til Aust-Europa etter godt planlagde raid langs norskekysten, melder forsikringsselskapet Gjensidige.

- Vi ser at tjuveriraida går i bølgjer og at det ofte er organisert Tre av ti båtmotorar kan brått forsvinne frå ei hamn, og nokre dagar seinare skjer det samme i båthamner like ved, seier Arne Voll, informasjonssjef i Gjensidige.

Utrekningar Gjensidige har gjort syner at forsikringsbransjen i Møre og Romsdal totalt får meldt rundt 120 tjuveri av eller frå båt i løpet av året. Nærare 30 av desse er båtmotorar som vert borte. Samla betalar forsikringsselskapa ut 4 millionar kroner etter slike skader - berre i dette området.

Gjensidige merkar at sesongen for steling av båtmotorar er godt i gang, og reknar med det den tek seg opp, særleg utiover sommarhalvåret. Småbåthamner langs norskekysten har vor edei reinaste ”godtebutikkane” for organisert kriminalitet dei siste åra.

Båtmotorar er lettare å få med seg enn båter og det er store verdier som vert stole. Alt frå små ”putremotorar” til motorar på fleire hundre hestekrefter vert stolne. Nyare utanbordsmotorar på opp mot 50 HK er likevel dei mest populære blant tjuvane.

Arne Voll er oppgitt over kor dårleg sikra mange av desse båtane er.

- Medan dei fleste av oss er låser døra til bilen, så ligger ofte båtar med kostbare motorar til fleire hundre tusen kroner på det næraste usikra ved brygga, sukkar han.

- I dag får du kjøpt mye av det utstyret du treng for å sikre båten for berre nokre hundrelappar og oppover. Det kostar med andre ord lite å sikre mykje, avsluttar Voll.

Kva for motorar vert stolne?

Tal frå Gjensidige dei siste åra viser i prosent kva for motorar som vert mest stolne

  • 57 % er motorar under 25 hk

  • 20 % 25-50 hk

  • 8 % 51-75 hk

  • 5 % 76-100 hk

  • 8 % 101-150 hk

  • 1 % 151-200 hk

  • 1 % 200 HK ++