Himmelsk Interiør hadde også sommarbutikk i Eiksund i fjor sommar. Det var så kjekt at det blir det også i år. I år vil butikken halde til i kjellaren til Liv-Randi. Ho bur sentralt til ved fylkesvegen i Eiksund, butikken vil bli skilta.

Førstkomande onsdag blir det opningsdag med klipping av snor og rabattar til dei ti første kundane som handlar i butikken denne dagen.

Interiørartiklar

Butikken fører fleire ulike interiørartiklar, mellom anna merket Oohh! Der er skjerefjøler frå GOTT og lokalproduserte drivvedartiklar.

Himmelsk interiør sel interiørartiklar til miljømedvitne interiørentusiastar.

Ønskeliste

Det blir mogleg å lage ønskeliste i butikken. Anten du er brud, konfirmant eller har bursdag snart kan du leggje inn ei ønskeliste på butikken, så kan folk handle frå lista ved å gje opp ein kode eller spørje etter namn. Det blir trekning av ei ønskeliste

Butikken blir open i heile sommar.