(NPK)No når dei ivrigaste 70.000-80.000 laksefiskarane endeleg har kasta ut snøret igjen, er det med forsiktig håp om meir storlaks enn i fjor.

– Fisken er mest tilbøyeleg til å ta når den er nygått i elva. Tradisjonelt er det dei største fiskane som kjem først i elva. Derfor er sjansane når det først nappar i juni, større for at det er grom-laksen som går på, seier prosjektleiar Pål Mugaas i Norske Lakseelver som er næringsorganisasjonen for rettshavarane i nær 80 lakseførande vassdrag.

2013-laksen

Ifølgje Mugaas er det forsiktig grunn til optimisme for at det ved laksestart i år skal vere mogleg å ta større laks.

– Fjoråret var eit godt år for mellomlaksen mange stadar. Året før var det eit ganske godt år for smålaks. Vi håpar på eit godt storlaksår i år, i alle fall i Rogaland, Nord-Trøndelag og Finnmark. Kanskje også på Sørlandet, seier Mugaas.

Norske Lakseelver koplar denne optimismen til at oppdrettsnæringa i 2013 hadde god kontroll på lakselusa gjennom ekstraordinære tiltak.

– Vi håper at det er storlaks frå 2013 som skal komme tilbake frå havet i år, men er litt meir usikre på Sør-Trøndelag. Her må all smolten ut gjennom Trondheimsfjorden og forbi område med mykje lus. Her har også fangstane vore litt dårlegare dei to siste åra, seier Mugaas til NTB.

Løfterikt i Namsen

I det nest beste laksevassdraget i landet, Namsen, deler dei optimismen for meir storlaks i år. I fire år har Leif Skorstad drive prøvefiske med kilenot på oppdrag for Norsk institutt for naturforsking (NINA). Til Trønder-Avisa fortel han om eit eventyrleg prøvefiske så langt i år. Han har fått 408 laks i to kilenøter, blant dei fleire storlaks på over 20 kilo.

– Den største eg har fått så langt er på 25 kilo, den gjekk i nota laurdag. Før helga fekk eg ein på 24 også. Desse er no på tur til Namsen, sa Skorstad til Trønder-Avisa måndag.

Driva-optimisme

I Drivavassdraget vart det tatt 673 laks i fjor. Leiaren i Surnadal elveeigarlag, Georg Solem seier til avisa Driva at han ser fram til fiskestarten 1. juni.

– I år er forventningane relativt høge. Vi har hatt to gode år på små- og mellomstor laks. Det kan bety at det kjem inn ein del storlaks i år. Det er vanlegvis slik at etter eit par år med mykje små- og mellomstor laks, kjem storlaksen året etter, seier Solem.

Kvar femte blir sett ut

Totalt er villaksfangsten halvert sidan 80-talet. Men i fjor auka totalfangsten med 10 prosent ut frå eit tiårsgjennomsnitt. Ifølgje Statistisk sentralbyrå vart det fanga 131.690 laks i norske elvar i fjor. Av desse vart drygt 25.000 eller 19 prosent sett ut igjen. For fem år sidan var delen 11,6 prosent. (©NPK)

Dei ti beste lakseelvane i fjor

*Statistisk sentralbyrå offentleggjer kvart år statistikk over fangsten av laks, sjøaure og røye i norske elvar. Dette er dei ti beste elvane i fjor målt i talet på kilo, talet på laks i parentes.

1) Tanavassdraget: 35.959 kilo (8.920 laks)

2) Namsenvassdraget: 30.127 kilo (8.117 laks)

3) Gaulavassdraget: 24.416 kilo (4.330 laks)

4) Orkla: 19.465 kilo (4.006 laks)

5) Numedalslågen: 16.634 kilo (3991 laks)

6) Altavassdraget: 14.112 kilo (2986 laks)

7) Målselvvassdraget: 13.357 kilo (2.919 laks)

8) Stjørdalsvassdraget: 12.830 kilo (2.657 laks)

9) Bjerkreimselva: 10.198 kilo (4.410 laks)

10) Vestre Jakobselv: 10.073 kilo (3857 laks)

Kjelde: SSB statistikkbanken