Dei to har nemleg viktige roller når det store Bøneskoret framfører musikalen «Lengsel» i Sjøborg laurdag 11. juni. Dagen før held dei kyrkjekonsert i Volda.

Helge Jordal er ingen kven som helst på dei skrånande breidder. Den nyslåtte 70-åringen er kanskje aller mest kjend for tolkingane sine av Jeppe i skodespelet «Jeppe på Bjerget» og krigsactionfilmen «Orions belte» frå 1985. Men utover dette har Jordal hatt ei rekke roller på teater, i spelefilmar og TV-serier – og han har sjølvsagt vunne Amandaprisen.

Som Jordal har også den utflytte hareidsdølingen og kordirigenten Jens Holstad markert seg sterkt i det bergenske landskapet. Han arbeider som musikklærar og har for tida tre kor. I tillegg til Bøneskoret også Fanakoret og Fyllingsdalskoret. Mange vil elles hugse han som ein framståande bandmusikar (bl. a. i Jude) før han begynte å flytte på seg.

Var her i 2006

Bøneskoret, som tel 70 songarar, har vore på Sunnmøre før. Under Hareidsstemna i 2006 kom 350 for å høyre dei framføre Johan H. Grimstad-kantata ”Laudate Dominum”, om den spanske norskfødde prinsessa Kristina.

Strålande tilbakemeldingar

Bøneskoret har alt hatt fleire framføringar av ”Lengsel”-musikalen i Bergen og fått strålande tilbakemeldingar. Dirigent Jens Holstad seier det slik: - Helge Jordal har verkeleg mykje å gi. Han bitt det saman på ein fortreffeleg måte, og berre soloen hans i ”Spelemann på taket” er verd inngangspengane.

Eit poeng er det også at den nyvalde leiaren i Bøneskoret heiter Nils-Eivind Widnes Johansen og tilliks med dirigenten er frå Hareid.

Koret har med seg eit tremannsorkester – og lovar proff lyd.