Minst fire tidlegare vinnarar av “Årets Skjemtegauk” kjem til Sjøborg desse dagane, saman med nokre av dei mest lovande unge komikarane humor-Norge kan by på.

I løpet av dei to kveldane får publikum sjå og høyre vinnarane frå 2005, 2009, 2010, 2014 og 2015.

Spennande talent

Geir Sindre Breivik har dette å seie om det som er i vente:

- I år er me så heldige å ha med oss to av dei mest spennande unge talenta i standupmiljøet. Trondheimskomikaren Mariell Køste fekk sitt gjennombrot då ho vann prisen for beste nykomar på landets største standupfestival; Humorfest i Bergen, i fjor. Med seg på scena får ho Maria Stavang, som henta heim den same prisen på årets festival.

Andre Ulveseter kjem

Regjerande publikumsvinnar André Ulveseter tek turen frå Ålesund for å kjempe om sitt andre diplom. Bergensaren har vore med fleire gonger før på Skjemtegaukfestivalen, og vann diplomet i sitt fjerde forsøk i fjor sommar. Siste tida har han reist landet rundt med sitt “Eitt ord”-føredrag, samstundes med at han har køyrt sitt eige standupshow “Plenum”, som han vitja Ulsteinvik med i august i fjor.

- Ulveseter blir ikkje den einaste som kan ta med seg “Årets Skjemtegauk”-diplomet sitt tilbake til Ulsteinvik. Han får selskap av Christer Torjussen, som vann prisen i 2005. Torjussen har vore med på festivalen fleire gonger sidan det, og er alltid ein kjærkomen gjest både på og av scena. I vår har han stått på scena med sitt nye show “Drittpappa”, som får premiere til hausten. Kanskje tek han med seg smakebitar av det til scena i Ulsteinvik også.

Den fyrste med tre diplom?

I 2010 stemte for fyrste gong publikum fram ein dobbeltvinnar av publikumsprisen, då Vidar Hodnekvam henta sitt andre diplom på rad. Hordalandskomikaren har siste året hatt suksess med framsyninga “Bergensbølgen”, og var nominert til Komiprisen for beste standup. No kjem han tilbake til Ulsteinvik, og kan bli den fyrste med tre diplom.

Skjemtegauk 2016 kan også freiste med Halvor Johansson som vann prisen i 2014. I tillegg kjem comebackkongen Magne Storvik tilbake, ni år etter førre opptreden på Skjemtegaukfestivalen. Og rykta seier han er i storform.

- Årets festival er den trettande i rekkja. Skjemtegaukfestivalen vart arrangert fyrste gong i juni 2004, og har vore arrangert kvart år sidan den gong. Den trettande festivalen blir den fyrste augustfestivalen, og den tredje på Sjøborg kulturhus. Billettar får du på nettsida til kulturhuset, fortel Breivik.