Ranselposten fortel at ei prosjektgruppe med foreldre som har teke initiativet frå dagleg leiar ved Sunnmørsbadet, Karl Petter Storhaug, om å starte ein symjeklubb.

Dei meiner dette er eit godt tiltak for å gi born opplæring i korleis oppholde seg i og ved vatn. Det vert også lagt fram at barn og unge ynskjer større utfordringar og å konkurrere. For å delta i slike arrangement må ein tilhøyre ein klubb.

Symjeklubben vil verte organisert som eit eiget idrettslag og skal ikkje inngå i eit eksisterande lag i kommunane. Dei vil tilby symjetrening og –opplæring nært der borna og ungdommane bur. I tillegg vil dei gjerne arrangere fellessamlingar i Sunnmørsbadet og i badet som er under bygging i Ulsteinvik.