I går blei jonsokaftan feira i heile vårt langstrakte land og dagsenter for eldre heimebuande på Hareid var intet unntak.

Brudepar og sang

Her stilte blant anna storbarnsavdelinga på Gnist barnehage på Holstad opp med både sang og brudepar. Barna inviterte også dei eldre til å ta del i sangen  og godt kjente songar som «Jeg gikk en tur på stien» og «Alle fugler (små de er)» blei sunge i fellesskap. Etterpå viste brudeparet, som i dag bestod av bruda Mia Leine Finnvik og brudgommen Andreas Brandal, seg fram til glade tilskodarar.

– Veldig kjekt med brudepar, seier ei godt fornøgd Rigmor Hareide.

Herdy Mork seier seg einig og legg til at det alltid er kjekt å få besøk av born.

Vidare fekk dei eldre høyre fin sang av tre songtalent i velferdseininga i Hareid kommune. Trioen som var danna for anledninga, Ottar Grimstad, Gunn Marte Pieretoh og Arnhild Bjerkvik med Ida Teige på piano, framførte fleire songar av Grieg tre-stemt. Etterpå las Marie Lovise Widnes opp eitt sjølvskrive kåseri.

– Godt tiltak

Dei eldre verka svært fornøgde med torsdagens jonsokfeiring. Torsdag var alle som brukar å kome til dagsenteret samla for å feire dagen. Dette er altså eit tilbod som ikkje berre gjeld i dag, fleire brukar å vere på dagsenteret kvar veke. Det er det nok fleire som sett pris på.

– Dette er eit flott tiltak, seier Rigmor Hareide, og Herdy Mork legg til:

– Det er kjekt å kome hit å sosialisere når ein sit mykje heime åleine.

Einingsleiar i helse- og koordineringseininga, Monica Svoren, seier det er fleire viktige bidragsytarar i sving for å få i orden eit så godt tiltak for dei eldre heimebuande på Hareid. To av dei, som også var med på feiringa torsdag, er Judith Kaldhol som kvar tirsdag kjem og les, og Sigbjørn Haddal. Saman med Olger Ekornes Våg som også er tidlegare drosjesjåfør, køyrer han dei eldre både til og frå dagsenteret.

– Eg er veldig stolt av dei tilsette og vil skryte av dei som har ordna til denne flotte jonsokfeiringa, seier Svoren.