I første omgang er det snakk om eit løyve frå 1. juli til 30. september. Verksemda har hatt inne 5 søknader på ambulerande løyve og løyve for einskildhøve i 2015 og 13 søknader hittil i år. Og fått dei innvilga.

Driftskonseptet er pub og ølsmaking til turistar. Lokala er tidlegare godkjende for tilverking av øl. Serveringsarealet er på 90 m² inne med 55 sitjeplassar. I tillegg får duoen også lov til å skjenke alkohol ved sidan av bryggeriet, på ei uteservering. Dette blei vedteke etter at tilrådinga til rådmannen om å gi alminneleg skjenkeløyve blei stemt igjennom i kommunestyret onsdag. Tilrådinga blei stemt gjennom med 19 mot 2 stemmer.

Øyving Grimstad Gryt vert godkjent styrar for skjenkeløyvet, medan Andreas Grimstad vert godkjent som vara for skjenkestyrar.