Sivertsen Bøe fekk seg ei skikkeleg overrasking då han var i ferd med å sette til livs ei brødskive under lunsjen fredag. For det var ikkje langt i frå at ei brekt tann hadde blitt resultatet av denne matbiten.

- Eg greidde faktisk å setje tenna i den også, det er det artigaste. Men, eg er glad eg ganske så raskt kjente at noko ikkje var som det skulle. Eg snudde på skiva og såg det låg ein skru inni ho. Ei merkeleg oppleving, seier han.

Metalldetektor?

Kjøpebrødet fekk han tak i på Coop Extra på Hareid, men det er produsert for butikksteiking av Goman Bakeriet AS for Coop.

- Det er Coop'en eg handlar mest på, og det kjem eg ikkje til å stoppe med på grunn av dette. Det er klart, skruar og andre gjenstandar skal jo ikkje hamne i maten, men dette reknar eg med skuldast eit uhell. Kanskje hadde det vore ein idé å køyre brøda gjennom ein metalldetekor, seier Christoffer Sivertsen Bøe spøkjefullt.

- Glad det gjekk bra!

Kommunikasjonsrådgjevar i Coop Norge AS, Lise Mette Kjellberg, svara slik då ho fekk sjå saka til Vikebladet Vestposten:

- Dette er sjølvsagt svært beklageleg, men vi er glad for at det gjekk bra med tennene! Vi tek det vidare med bakeriet og ber dei undersøke kva som har skjedd. Vi tek også kontakt med Christoffer som var så uheldig å oppleve dette, slik at vi kan få beklaga skikkeleg, skriv Kjellberg i ein e-post.