Ein mann frå Ulstein, som for ei tid tilbake har tilstått at han drakk ei flaske med kvitvin, pluss ein liten shot med gin før han køyrde bil, kjem ikkje til å få tilbake førarkortet med det første, sjølv om det ikkje har falle dom i saka.

Påtalemakta har bede om kjennelse frå Sunnmøre tingrett til mellombels tilbakekall av førarretten, og at det kan leggjast beslag på førarkortet inntil saka mot han er endeleg avgjort.

Dette har Sunnmøre tingrtt sagt ja til.

Retten meiner det er skjelleg grunn til å mistenke har for å ha køyrt bil i ruspåverka tilstand. Men retten meiner at saka hans bør kome opp før 25. november i år.