– Dette vil gjere at det blir likare intervall mellom ferjene. Det er berre naturleg å byrje med dette no, for fylket vedtok som kjent nyleg at det skal kome tre nye ferjer i sambandet frå 1. januar 2019, seier ordførar Anders Riise (H).

Ordføraren meiner nedlegginga av Ekornes-fabrikken på Hareid, og flytting av dei same arbeidsplassane til Sykkylven, gjer frekvensen desto viktigare.

– Med tre ferjer i timen kan ein tilpasse køyringa betre, etter veg og føreforhold og ikkje etter rutetidene. Ferja vil gå hyppigare, men det blir ikkje fleire turar i døgnet. Det blir heller ei betre og jamnare belastning i sambandet. Men også ei jamnare belastning for Hareid sentrum, seier Riise og legg til:

– Med jamnare trykk vil pendlarane og andre som nyttar sambandet dagleg få eit betre og meir føreseieleg tilbod, det er eg heilt overtydd om.

– Ei spesielt viktig sak

Dagleg leiar i Hareid Næringsforum, Rakel Dyrhaug, er einig i ordføraren si analyse.

– Ruteendringsprosessen føregår for fullt no, og er ute til rullering, med frist 3. juli, for å kome med innspel. Også vi i Hareid Næringsforum ønskjer å sende våre innspel kring dette, seier Dyrhaug.

Ho fortel at næringsforumet kom fram til mange gode innspel under eit styremøte nyleg, som blir sendt inn til Møre og Romsdal fylkeskommune.

– Dette med avgang kvart tjuande minutt var eitt av momenta vi meiner så absolutt bør på plass. 20-minuttsavgangar vil gjere arbeidsmarknadsregionen enklare tilgjengeleg. Og det vil kanskje også gjere arbeidsmarknaden større. For dei verksemdene som har mange pendlarar, er dette ei spesielt viktig sak. Våre innspel baserer seg på innspel frå medlemmane våre, så vel som dialogen vi har hatt med andre næringsorganisasjonar i regionen, seier Dyrhaug.