Klokka 11.30 onsdag formiddag får Hareid Group storfint besøk. Då kjem statsminister Erna Solberg til dei flunkande nye lokala på indre Hareid.

Bakgrunnen for møtet er at statsministeren i løpet av denne veka har vitja fleire stader på  Vestlandet som er råka av auka arbeidsløyse. Og i tråd med dette vil samtalen med leiinga i Hareid Group dreie seg om omstilling og grøn teknologi.

Møtet vil vare i om lag ein time, og Solberg skal blant anna få ei omvisning i dei nye produksjonslokala. Med i følgjet hennar er statssekretær Sigbjørn Aarnes.

Og statsministeren skal sjølvsagt også ha seg ein tur opp på taket der Hareid Group har montert eit framtidsretta kobbel med solcellepanel.