Ei av sakene som vart diskutert på formannskapsmøtet var Arbeiderpartiet sitt forslag om å forby sal og reklamering for ulovlege rusmiddel og valdsrelatert utstyr. I vedtaket heiter det at ”Ulstein kommune har nulltoleranse for ulovlege rusmiddel og vil aktivt hindre omsetting av våpenkopiar og anna valdsrelatert utstyr”.

På bakgrunn av dette foreslo Arbeiderpartiet at ”det vert innført forbod mot omsetting av og reklame for våpenkopiar og anna som oppfordrar til vald på kommunal eigedom eller område disponert av kommunen”.

Arbeiderpartiet sitt formannskapsmedlem, Renathe Rossi-Kaldhol, viste til politikarane sitt etiske ansvar som rollemodellar då ho argumenterte for forslaget.

- Vi kan og vil styre samfunnsutviklinga med forbod og lovforslag, på bekostning av kva ein måtte meine er ein trussel for ytringsfriheita. På den måten ivaretek vi ungdommane våre.

Brei einigheit

Forslaget skapte ein liten diskusjon i formannskapet. Alle var einige om at ordlyden i forslaget var noko uklar og at dette bør utarbeidast vidare. Tor Meinseth (H), satt blant anna spørsmålsteikn ved om forbodet også skulle gjelde for leikepistolar. Dette vart avvist. Varaordførar Steinar Torvik (KrF) slo også fast at formuleringa er viktig i samband med handhevinga av forbodet.

Trass i dette var det brei einigheit om at intensjonen bak forslaget er god.

- Vi må vise kvar vi står verdimessig, sa Pål Grødahl (V).

Ordførar Knut Erik Engh (FrP) var noko skeptisk til forslaget då han i god FrP-ånd påpeika at ein må unngå eit samfunn som forbyr alt vi ikkje likar. Difor understreka han viktigheita av å få politiet med på laget, då det er dei som skal handheve forbodet.

Møtet fastslo at dette frå no av er eit felles framlegg frå formannskapet som samrøystes vert sendt til administrasjonen for vidare utgreiing. I arbeidet med formuleringa av forbodet blir samarbeidet med politiet heilt sentralt.

FpU rasar

FpU sin fylkesformann i Møre og Romsdal, Håkon Lykkebø Strand, er sterkt ueinig i forbodet og meiner det legg lok på ytringsfridomen, spesielt for ungdom.

- Eg meiner det er problematisk at Ulstein Arbeiderparti foreslår å sette lokale grenser, då det blir vanskelig for ungdom å forhalde seg til dette, seier han.

I likskap med ordføraren argumenterer Strand mot dette forbodet fordi ein ikkje kan forby alt ein ikkje likar.

- FpU er i mot forbodet fordi dette er noko vi meiner ein ikkje skal blande seg i. Dessutan er sal av våpenkopiar, som softgun og paintball, fullt lovleg i Noreg, slår han fast.

Vidare set han spørsmålsteikn ved korleis forbodet skal handhevast og meiner det er unødvendig bruk av ressursar.

På grunnlag av den breie einigheita i formannskapsmøtet tysdag ser det likevel ut som at FpU må finne seg i forbodet.

FpU sin fylkesformann, Håkon Lykkebø Strand, er i mot forbodet.