- Med den skissa som no ligg på bordet for Rem Offshore betyr det at vi taper heile investeringa vår i reiarlaget, opplyser dagleg leiar Ronald Dyrhol i Hareid Elektriske, som også er konsernsjef for Hareid Group, i eit intervju med Sunnmørsposten.

Analytikarar kjem med hard kritikk for måten Rem Offshore behandlar småaksjonærane på. Hareid Elektriske er sjuande største aksjonær, med 370.000 aksjar som no blir skrivne ned til null.

Sikrar Rem fram til 2020:

Dyrhol slår fast at det er lite hyggeleg å få eit slikt tap.

Tapte også på World Wide Supply

Dette er det andre store tapet Hareid Elektriske må ta etter at dei satsa på investeringar i offshore supply. Dei har også tapt fleire millionar kroner i tap då World Wide Supply vart overtatt av obligasjonseigarane.

Står støtt

Dyrhol seier til Sunnmørsposten at Hareid Elektriske har ein eigenkapitalsituasjon som gjer at dei likevel står støtt, men at slike tap påverkar moglegheitene til å utvikle selskapet vidare.