Vikebladet Vestposten skreiv for ein månad sidan om måsereiret ved rundkøyringa "Portalane til Ulsteinvik". Fleire var urolege for korleis dette skulle gå og i ettertid har fleire spurt om oppdatering på situasjonen. Vikebladet har fått ei bekymringsmelding om at måsane ikkje fekk vere i fred. I tillegg fekk vi nyleg tips om at i alle fall eit av egga var klekt.

I dag drog vi ut på ekspedisjon for å leite etter måsungen og løyse sommarmysteriet. Reiret ved rundkøyringa var tomt og det var ingen måsar å sjå. I staden for observerte vi ein høglytt måse ved Æra. Ein mann som bur i leilegheitskomplekset i nærleiken tipsa oss om at der var eit måsereir og at han hadde sett to ungar som var ute på spasertur.

Det rasla i ei busk og plutseleg kom to små måsungar valsande ut frå gøymestaden. Dei to måseforeldra sirkla rundt observante og ein smule irriterte då Vikebladet fotograferte dei små.

Det er vanskeleg å konstatere om dette er måsungar frå reiret ved rundkøyringa, eller om dette er ei anna måsefamilie.

Sjølv om det er kjekt å få sjå dei to søte små, så er det viktig at måsefamilia får vere i fred.