Etter ein kjøleg aprilmånad i eigedomsmarknaden for Ulstein, Hareid, Herøy og Sande, auka temperaturen noko i mai, og i årets første sommarmånad har talet på omsette eigedomar auka ytterlegare. Medan det var 72 tinglysingar i mai, auka det til 81 i juni.

På Hareid gjekk talet på omsette eigedomar kraftig opp frå april til mai, og også i juni er det bra aktivitet på Hareid. Talet på tinglysingar går opp med to frå mai og endar på 13 i juni.

I Ulstein kommune aukar det også, frå 23 i mai, til 27 tinglyste eigedomar i juni.

Herøy har største auken i tinglysingar juni, frå 24 i mai til 30 i løpet av juni, medan Sande er einaste kommune som ikkje auka frå mai til juni. Der går talet på tinglysingar ned frå 13 til 11, men dette er likevel brukbare tal for Sande.

Les også: Varmare også i eigedomsmarknaden

Les også: Tinglysingar i april

Les også: Mest aktivitet i Herøy

Les også: Forsiktig start på året

Les også: Her er årets dyraste bustadar

Les også: Klar nedgang i november

Les også: Her skjedde mest i oktober

Les også: Liten oppgang i september

Les også: Færre eigedomar skifta eigar

Les også: Fleire dyrare eigedomar

Les også: Oppsving i juni

Les også: Herøy omsette mest i mai.

Les også: Sjå alle eigedomane som er selt sidan 2005.

Les også: Her er dei dyraste bustadane.

Les også: Heitast i Ulsteinvik

Les også: Fritidsvinnarar på Sandsøya

Les også: Desse vart selde

Forklaring til kartet: Kvar sirkel viser kor mange eigedomar som er selt i eit område. Klikk på sirkelen for ei meir detaljert visning. Du kan også klikke deg inn på kvar einskild eigedom for å få historikk. Du kan velje å nytte ei kartvisning eller du kan sjå flyfoto over området ved å trykke på firkanten på høgresida i toppen av biletet.