Det viser tal som Hareid parkeringsselskap AS har fått innhenta frå fylkeskommuna. Basert på ei periode frå 01. januar til 31. mai i år samanlikna med tilsvarande periode dei tre føregåande åra, har det vore ei auke i passasjertala frå 8,35% til 49,72% på dei ulike bussrutene til Hareid.

– Det er ingen tvil om at det har vore eit kraftig hopp i tal busspassasjerar. Alle bussrutene til Hareid har fått fleire passasjerar etter at det vart innført betalingsavgift på parkering i Hareid sentrum, seier Steffen Urke i Hapark.

Han kan bekrefte at det er mykje færre bilar parkert på Hareid denne sommaren til samalikning med tidlegare sommarar.

– Både denne veka og førre veke då fellesferien starta har det vore ein kraftig nedgang i tal parkerte bilar i Hareid sentrum, slår han fast.

Kvar dei ferieglade bilistane vel å i staden parkere kan ikkje Urke seie noko om.

– Oss veit ikkje kvar folk vel å setje frå seg bilen, men kanskje fleire vel å parkere på Vigra lufthamn av pratiske hensyn, sier Urke.

Positive til miljømessig effekt

Hapark meinar det er viktig og svært positivt at parkeringsavgifta har hatt ein miljømessig effekt.

– Hapark vart i utgangspunktet starta for å få kontroll på parkeringssituasjonen i Hareid sentrum, men at den har hatt ein positiv effekt på miljøet er vi utelukkande positive til. At fleire folk brukar buss er ein bonus både for miljøet og andre, seier Urke.

Vil vurdere å utvide tilbodet

Dei tre bussrutene som har hatt ei auke i tal passasjerar er linje 310 Åheim - Syvde - Årvik - Hareid, linje 330 Fosnavåg - Ulsteinvik - Hareid og linje 338 Volda - Ørsta - Ulsteinvik - Hareid. Oppgangen har bidrege til at fylkeskommuna no vil vurdere om tilbodet skal utvidast.

- Vi skal ha ei evaluering over sommaren og vil ut i frå den vurdere om vi skal utvide tilbodet. Vi ser at busstrafikken har økt til og frå Hareid og statistikkane vil bli vesentlege å sjå på når vi skal vurdere kva som vil skje vidare, seier Inge Arnfinn Rønstad i samferdselsavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune.