Ein får mykje regn, eller nedbør, når ein bur i desse områda. No på sommarstid er det ekstra surt at det høljar ned. Heldigvis er det aldri så gale at det ikkje er godt for noko. Nedbør er tross alt veldig viktig i det store livsløpet, så vi får trøste oss med det.

Nedbør er eit meterologisk samlande ord for vatn som treff jorda si overflate. Regn, snø, sludd, hagl og yr er underkategoriar.

Nedbør er veldig viktig i vannkretsløpet, altså den kontinuerlige rørsla vatn har i jordatmosfæra. Denne er driven av solenergi og heilt naudsynt for alt liv på jorda! Vannkretsløpet er oppbygd av fleire prosessar, blant anna nedbør.

Regn er til dømes veldig viktig for til dømes jordbruk. Stort sett alle planter treng i alle fall litt vatn for å overleve. Både for mykje og for lite regn kan der i mot vere skadeleg. Ulike planter treng forskjellige mengder for å overleve.

Dette kan forhåpentlegvis vere ei viss trøst i desse regntunge tider!