No kan alle sjå kvar lakselusa er langs kysten og i fjordane, skriv Havforskningsinstituttet.

Forskarane har nytta modellar som kan minne om vêrvarsling til å følgje med på lusa, og no er karta tilgjengeleg på heimesidene til Havforskingsinstituttet.

Ved å følgje med på karta kan folk sjå kva område som har høgt og lågt smittepress av lakselus. Dersom det til dømes er eit oppdrettsanlegg i eit område med høgt smittepress, er sannsynet for at fisken blir smitta høg.

– Ein må likevel tenkje på at modellen ikkje er 100 prosent sikker. Kvar rute i modellen er 800 gonge 800 meter så lusa kan drive rett forbi eit anlegg utan å kome i kontakt med fisken. Lusa kan òg vere i eit område ved sida av der ho ifølgje kartet skal vere, fortel Ørjan Karlsen som er prosjektleiar for den nasjonale overvakinga av lakselus i pressmeldinga.

Karta syner talet på lakseluslarvar (kopepodittar) per kvadratmeter. Informasjonen med lakselusaktiviteten blir oppdatert kvar tiande dag, og informasjonen blir publisert ei veke på etterskot.